I dette programmet får du eit møte med Broder Andreas si spennande livshistorie, tilrettelagt for barn. Åpne Dører har dei siste åra auka satsinga på barn og unge; med eit ønske om at dei også skal få bli kjent med organisasjonens arbeid og situasjonen for forfulgte kristne. Olaug Lillian Bjørke gir deg eit møte med Åpne Dørers grunnleggar frå han var ein liten, rampete gutt – via teneste i hæren i Indonesia og til han møtte Jesus som heimvendt, skadd soldat. Då han til slutt våga å be bøna «Herre, når som helst, uansett kor du vil eg skal gå, går eg», byrja livets store eventyr for Andreas. Dette blei starten på Åpne Dørers arbeid, og i dag – 66 år seinare, har organisasjonen arbeid i over 70 land. Den spennande historia er fortalt i teikneserien «Hemmelig smugler», og kan bestillast (gratis) ved å kontakte Åpne Dører.