Seint på hausten i 1882 møttes utsendingar frå ulike deler av Sunnmøre i Ålesund med mål om å danne ei fellesforeining for indremisjonsarbeidet. Dei møtte sterkt motstand mellom anna frå presteskapet, men det enda med at Sunnmøre Indremisjon vart skipa. Kjell Furnes er ein av dei som kjenner misjonshistorie på Sunnmøre aller best, og han har vore i studio for å fortelje om kva som skjedde for 140 år sidan. Indremisjonsarbeidet har utvikla seg mykje sidan starten og i dag er ImF Sunnmøre ein stor organisasjon med leirstadar, skular, begravelsesbyrå, radiostasjon, barnehage og eigen fargehandel. Kjell Furnes er overtydd om at det  viktigaste for indremisjonen i framtida vert å halde fast på Bibelen som Guds ufeilbarlege ord.