Då Ole Per Storhaug var 2 år gamal mista han far sin i ei traktorulykke. Han og mora flytta på seg, og etterkvart fekk Ole Per ein ny familie då mora gifta seg med ein enkemann. Trua på Jesus har vore ein naturleg del av Ole Per sin oppvekst, og etterkvart vart han sjølv aktiv både hjelpeleiar og leiar i ulike kristne aktivitetar.

Då Ole Per møtte den store kjærleika flytta dei på garden Ole Per vart fødd til, og då dei ynskja å stifte familie viste det seg at det ikkje gjekk heilt som dei ynskja. Dei mista barnet i mors liv mot slutten av svangerskapet.

I eit intervju på Radio Sunnmøre delar Ole Per Storhaug sin trushistorie, der trua på Jesus har vore svært viktig for han både i den gode kvardagen, og når livet gir deg eit hardt slag.