Smaken av jul er tittelen på ei ny juleplate som Dag Heggset gjev ut  første søndag i advent. Her får du høyre nokre av dei gode gamle julesongane, samt ein som er heilt ny av året. Det har også vorte plass til eit lite prejulium som innleiing på plata. Dag bur i Trondheim men vaks opp på Tingvoll på Nordmøre og har dei siste åra reist mykje rundt og framført dei gamle salmeskattane. No er det altså julesongane som vert tolka og framført. Søndag 27. november vert det konsert og plateslepp i Molde bedehus. Vi tok ein prat med Dag Heggset om plateprosjektet, og Radio Sunnmøre fekk også lov å vere den første som spelte musikk frå den nye plata.