Søndag blir det julekonsert på Emblem bedehus. Konserten har vore planlagt sidan pandemiåret, og vart det året halde digitalt. No ser Ståle Heggset med team fram til å presentere julekonserten i levande live på Emblem bedehus for ein forhåpentlegvis fullsett sal.

Vi har tatt ein prat med Ståle Heggset for å høyre meir om kva dei vil by på søndag føremiddag.