Rett til eit livvsynsope samfunn og ytringsfrihet er viktig i eit demokrati Kristeleg Folkeparti (KrF) er opptekne av. Det fortel Olaug Bollestad, partileiar i KrF, i eit intervju på Radio Sunnmøre. Og det å stå i eit parti der kampsakene er basert på dei kristne verdiane er ikkje alltid veldig populært. -Vi er i eit sekulært samfunn og det gjer at dei kristne verdiane kan vere under press. 

-Det er freistande å vere populist, men eg trur den bobla sprekker fort, seier Bollestad. 

I spørsmålet om kvifor Bollestad orkar å kjempe for dei kristne verdiane gjennom KrF sine kampsaker, så er svaret tydeleg.

-Då eg valde parti valgde eg utifrå dei verdiane eg trur er så grunnleggjande for eit samfunn. Eg trur at dei kristendemokratiske verdiane som har bygd Europa er like viktige i dag, kanskje meir enn nokon gong. Og den andre grunnen er at då eg var småbarnsmor ramma sjukdom oss. Mannen min var alvorleg sjuk og eg visste at eg kunne miste han. Då opplevde eg eit nabolag og nærmiljø, kyrkje og bedehus som stilte opp. Og då tenkte eg at eg ein dag skal gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Det handlar om å vere med å drive nestekjærleik i praksis i eit nabolag, fortel Bollestad.

Høyr heile intervjuet med Olaug Bollestad på Radio Sunnmøre.