I mars er det fokus på forfølgde kvinner i Åpne Dører. I mange land der kristne blir forfølgde, har kvinner generelt det vanskeleg. Som truande møter dei eit dobbelt press – både som kvinner og kristne. Truande jenter og kvinner er særleg utsette for tvangsekteskap, voldtekt, ulike former for seksuell trakassering og å bli haldne innesperra i sin eigen heim. Andre blir kasta ut heimanfrå og står utan vern, berre fordi dei har brote med familien si tru og blitt kristne. Ei av dei som har opplevd dette, er Sarah (27) frå Nord Afrika. Ho er eit ansikt på dei mange kvinner som har opplevd dobbel forfølging. Hennar sterke historie får du møte i andre halvdel av programmet. «Eg visste det ville bli vanskeleg då eg tok valget om å følge Jesus. Men eg mista ikkje håpet. Eg var utslitt, men eg reiste meg igjen. Frykten eg kjempa med då eg var yngre, er borte. Gud er her», er Sarahs sterke vitnesbyrd i dag. I programmet får du elles høyre Carola og Per Erik Hallin synge «Du vet vel om at du er värdefull»