Vi håpar at DU vil vere med å bidra til årets Radiomesse og Radiomesse-kafè, som vi har valgt å kalle det i år. Vi har nedskalert arrangementet i år, sidan mykje har endra seg i koronatida. Og vi treng verkeleg hjelp frå DEG til ei eller fleire oppgåver i år😊

Vi treng hjelp til:

  • Rigge og rydde før og etter
  • Stå i kafè/på kjøkkenet: 6-8 personar
  • Åresal: 5 personar
  • Tombola: 2 personar
  • Basarbok: 1 person

Vi treng:

  • Kaker og smørbrød til kafeen
  • Gevinstar til åresalet. 50 gevinstar til 50-100 kr pr.gevinst (5 og 5 like)
  • 200 innepakke tombolagevinstar
  • Gevinstar til basarbøkene

Det blir program med Elkana, ein kafèprat og eit ord for dagen. Vi skal også selje varer frå dagen før, om det blir restar. Fredag 4. november skal vi ha digital radiomesse på Radio Sunnmøre kl.0900-1600, der vi har sal av basarbok, og sal av bakst og lefser. I år er det foreløbig mangel på lefsebakarar, dermed arrangerer vi lefsebakingdugnadkurs på Ålesund folkehøgskule 1.oktober kl.0930-, og her er det første mann/dame til mølla. Her skal vi bake lefser heile dagen til radiomessa. Sjå vedlagt info ang siste.

VI håpar at Du vil stille med ei eller fleire av oppgåvene vi verkeleg treng hjelp til i år. Send meg snarleg ein respons på epost ragnhild@radiosunnmore.no eller send SMS til 45976620. Helst innan 1. oktober så vi har ein peikepinne😊 TUSEN TAKK!!

LEFSEDUGNAD

I tillegg treng vi hjelp til å vere med å bake lefser for sal. Dette skjer laurdag 1. oktober på Ålesund folkehøgskule frå kl. 0930-. Og vi treng 6 steiketakker, 6 lefsekjevler og 6 steikepinnar. Vi treng 10-12 menn/kvinner til å vere med å bake. Dersom du kan tenke deg å lære å bake lefser, og å bidra på dugnad, så ta kontakt for påmelding innan fredag 23. september til Radio Sunnmøre på tlf 70154100/ SMS til 45976620.