I ei kyrkje i Italia vert det sokalla likkledet i Torino oppbevara i ei terrorsikker kiste. Fire – fem gongar kvart århundre vert kledet vist fram for publikum. Mange meiner dette faktisk er det linkledet som vart brukt når Jesus vart gravlagt langfredag. Ein av dei som er overbevist om dette er Oddvar Søvik, og vi har teke ein prat med han om dette. Han er også engasjert i arbeidet med ein film om likkledet som hadde premiere i Noreg no i april.