-Eg kjenner at ein heile tida må ta det valet med å ha blikket festa på Jesus. Og å minne oss sjølve om løfta som står i Bibelen, og at eg skal få setje føta mine på det og stole på det. Det helde, fortel Irene Bergene Solheimslid.

I eit intervju på Radio Sunnmøre deler Irene sin trushistorie frå då ho tok i mot Jesus på kne i sin eigen hybel. Ho fortel om eit liv der ho heile vegen har lagt både eige og familien sitt liv i Jesu hender, og korleis Han likevel har vore med i livet når det har vore vondt, sårbart og ein opplever ting som gjer at ein som menneske knekk heilt saman.

Høyr heilt trushistoria til Irene Bergene Solheimslid på Radio Sunnmøre.