Hyrdehjerte har ny samling på Ellingsøy bedehus torsdag, og temaet «Mindfulness og kristen tru» er noko av det som skal snakkast om. I annonsering av samlinga skriv Hyrdehjerte at vi idag møter oftare og oftare tilbod innan sjølvhjelp for å meistre dagleglivets store og små utfordringar. Tilboda gis i ulike innpakningar og det reklamerast med betre helse og velvære og at mindfulness er eit slikt tilbod. Per Eraker skal under torsdagens samling med Hyrdehjerte halde ei temasamling der han fortel meir om dette. 

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Per Eraker om korleis han kom med i Hyrdhjerte, og litt meir om kva temasamlinga hans skal handle om.