Søndag 18. desember inviterer Molde Gospel til julekonsert i Molde kulturskole. Den første konserten vart utselt i løpet av kort tid, og no er det satt opp ein ekstrakonsert kor det også har vore stor rift om billetane. Vi har snakka med dirigent Miriam Venås om konserten, og ho fortel at det vert ein konsert med både nye og gamle julesongar. I tillegg vert det også lagt mykje arbeid ned i dekoreringa av salen, slik at det vert ein stor opplevelse både å sjå og høyre.  Miriam Venås har også ei eiga solokareiere i tillegg til å leie fleire kor. Midt i ei travel førjulstid arbeider ho også med si eiga plate som kjem ut til våren.