-Møteaksjonar på radioen er noko av det største eg har fått vore med på, fortel Marit Stokken Berland om då det var store vekkingar, der den kristne lokalradioen var med å vidareformidle møter og hadde omsorgsprogram i etterkant der fleire tok i mot Jesus. I vekas kvardagsprat med Marit Stokken Berland høyrer vi om korleis det kjennast å bli heilt slått ut av pandemien korona, og å kunne vere både lei seg og takksam på same tid. Vi tek ein prat om det kristne radioarbeidet, og moglegheitene det har gitt og gjev i dag.