I helga var det opningsfest for Sjøholt folkehøgskule, der entrepenørar, ordførar, eigarstyre, media og støttespelarar i prosessen for å gjere Sjøholt folkehøgskule til ein realitet, var invitert til middag og fest. Rektor Lars Johan Klokk opna festen med ein tale om det å kjenne seg som ein andunge, og ved å få den rette tilrettelegginga og å bli sett som ein er, at ein då skal kunne få gå ut av folkehøgskulen som ein brusande svane med tru på seg sjølv. Ein slik skule rektor Klokk håpar at Sjøholt folkehøgskule kan vere.

På talarlista var både eigaren Indremisjonsforbundet ved generalsekretær Erik Furnes, Ålesund kommune ved ordførar Eva Vinje Aurdal, IMF Sunnmøre ved Johan Halsne, og i tillegg mange fleire helsingar.

Radio Sunnmøre tok også eit intervju med rektor Lars Johan Klokk og styreleiar Odd Christian Stenerud, som har stått på dei to siste åra for å få skulen dit den er i dag.

Dei tilsette ved Sjøholt folkehøgskule vart representert.
God middag og dessert vart servert til gjestane, i den flotte nyoppussa matsalen.
Eldar Nordstrand fekk stor takk for innsatsen han har gjort som byggeleiar. Og som han sjølv sa var jobben enno ikkje over.