Victor Haram var i over 20 år programmedarbeidar i Radio Sunnmøre og er ei kjent stemme for mange av lyttarane våre. No arbeider han som lærar i Ålesund. Denne veka kan du høyre han gje oss Ord til ettertanke i eit gjenhøyr frå 2020. Han spør mellom anna korleis veit vi at Gud er god?