Det har vore fusjonssamtalar mellom P7 Kristen Riksradio og pTro sidan hausten 2021. Samanslåinga vil bli behandla på ekstraordinære årsmøter i organisasjonane 23. september.

Dei to radiokanalane er kvar for seg store kristne radiokanaler med nedslagsfelt frå Vestlandet til Austlandet, og i Nord-Noreg. Til saman fortel dei at dei når over 100.000 unike lyttarar kvar månad. Sidan kanalane allereie har same målgruppe og profil, og ser på seg sjølv om svært like, har dei eit ynskje om å bli ein felles organisasjon og kanal.

Vi har tatt ein prat med styreleiar for P7 Kristen Riksradio, Anja Ulveseth Heggen.