Når kristne kvinner rundt om i verda vert forfulgt for si tru, skjer dette ofte på ein annan måte enn når menn vert utsatt for det same. Mens menn ofte vert fengsla eller torturert, er voldtekt og seksualisert vold svært utbredt for kvinnene. Dette påfører dei som vert ramma mykje skam i tillegg til overgrepa dei vert utsette for. Born som vert fødte som ein følge av voldtekt har eit vanskeleg liv framføre seg. Vi har snakka med fagleg leiar i Åpne Dører, Ole Petter Erlandsen om dette vonde men viktige temaet.