Nyleg kom Gunnar Hamnøy heimatt etter å ha besøkt Kenya etter 20 månader sidan sist grunna korona. I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre Gunnar fortelje korleis det er å kome til eit land fylt av naud, og kor vanskeleg det er å ikkje kunne hjelpe alle. NSP Aid, som Gunnar Hamnøy er dagleg leiar for, driv bistandsarbeid i Kenya og Etiopia, og har bygd opp eit arbeid som kan hjelpe born og familier i slummen med å få eit godt liv.

På veg heim frå Kenya inviterte Gunnar alle som arbeidde på restauranten til å ete saman med seg, då han sjølv skulle kjøpe seg litt nattmat. Høyr den sterke historia på Radio Sunnmøre. (Foto:NSP AID)