Omkring 300 menneske fekk med seg Håpskonsert med Norea Music og Norea-ambassadør Maria Engås Halsne, då dei i helga haldt konsertar på Ellingsøya, i Ulsteinvik, på Stranda og i Misjonssalen Myrabakken. I haust starta Engås Halsne som ambassadør og skal vere med å fremme arbeidet Norea Mediemisjon driv rundt om i verda. Med sitt dyktige songtalent vann ho musikkprogrammet The Voice på Tv2 i 2019, og i tillegg til å lage musikk og å vere småbarnsmor tek ho legestudiet.

Saman med Elisabeth Lillebø Sæth på piano og song, Tone Østby på cello, og Brit Kari Urdal som konferansier, vart det i helga haldt fire konsertar med vakker musikk og delt fokus på Norea sitt mediemisjonsarbeid. 

Høyr intervjuet med Maria Engås Halsne og få med deg ein smakebit frå ein av konsertane.