-Berre på eitt døgn var tolv familiar påmelde, så det har vore stor oppslutning, fortel Pernille Fiskerstrand, som fortel at oppslutninga har vore over all forventing.

I fleire år har Ulsteinvik Frikirke arrangert familieleir i påska på Orreneset, men med ei pause i pandemien. I år då påmeldinga starta tenkte arrangørane at dei prøvar og ser kor mange som er interessert. Oppslutninga vart større enn forventa.

Fiskerstrand fortel at ho gleder seg over at familiar no igjen ynskjer å vere saman i påska og bruke fire dagar på Jesus. Høyr heile intervjuet med Pernille Fiskerstrand.