Radio Sunnmøre er ein lokalradio på Sunnmøre, drifta med ei stor dose frivillig dugnadsånd,  og økonomiske bidrag frå gode støttespelarar og lyttarar. 

Ei stabil og god inntekt er viktig for radioen kvart år, sidan kostnadane både med sendarar, teknisk utstyr og produksjon skal haldast ved like.

GÅVER MED SKATTEFRÅDRAG

Å gi til misjonen via fast givarteneste blir meir og meir vanleg. Det er mange fordelar med denne type givarteneste, både for deg som gir og for oss som skal motta.

På givarsida slepp ein å følgje med konstant, fordi avtalt sum går ut til avtalt tid. På mottakarsida er det forutsigbart og dermed enkelt å planlegge vidare arbeid når vi veit kva som vil bli gitt i løpet av eit år.

Bli fast givar til Radio Sunnmøre, og hjelp oss å ha ei stabil inntekt, slik at vi endå meir kan få halde fokuset på å lage gode program for deg som lyttar til oss.

Den enklaste måten å gi ei gåve til Radio Sunnmøre, der du ynskjer å få skattefrådrag, er å trykke på linken nedanfor. Der kan du direkte i dei ulike felta fylle inn på få tastetrykk. Husk å vel på prosjekt Radio Sunnmøre Fast givar, Radio Sunnmøre RadioGiv eller Radio Sunnmøre Lyttarbrev og enkeltgåve. 

Trykk Her for å fylle ut skjema til Fast givarteneste

GI EI GÅVE!

Dersom du ynskjer å gje ei enkeltgåve til Radio Sunnmøre, anten frå ei foreining eller deg sjølv privat, så kan du også gjere det til radioen sitt eige kontonummer:

3900.21.10311

eller

VIPPS til 72582


Tusen hjarteleg takk for ditt bidrag til Radio Sunnmøre!!!