Har du eit hjarte som brenn for at born og unge skal få høyre om Jesus? Då er konferansen Ung Tro 2022 noko for deg. Laurdag 30. april samlast menneske som er med i kristent barne- og ungdomsarbeid til ein inspirasjonskonferanse på Moa utanfor Ålesund. Mange dyktige og engasjerte foredragshaldarar kjem på besøk denne dagen. Vi har snakka med Liv Kari Sigertset og Torgeir Frøsøie som er med i komiteen som står bak konferansen.