I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til India, månadens fokus i Åpne Dører. Du får høyre om dette mangfaldige landet der situasjonen for kristne gradvis har blitt tøffare. Landet er leia av ei regjering som ønsker at Hinduismen skal vere det som samlar folket: éin religion, éin kultur, eitt språk. Det seier seg sjølv at det er liten plass for kristne og andre trusminoritetar. Mange opplever å bli angripne, samtidig som forfølgjarane unngår straff. Ei som har opplevd dette, er Mehr*. Du får høyre hennar sterke vitnesbyrd om korleis Gud har hjelpt henne til å stå urokkeleg i trua, trass motstand. «Ei kvar omstendigheit leier meg til framtid og håp i Jesus», vitnar Mehr. Ho er full av takksemd for hjelpa familien har fått frå Åpne Dører, både økonomisk og åndeleg: «Gud sendte dykk som guddommelege hjelparar! Då alt så mørkt ut, løfta bønene dykkar meg og familien.»