-Det å sjå radioen på innsida var ei stor overrasking for meg. Kva som eigentleg foregår bak mikrofonen. Det er ei arbeidsmengde og eit skjult arbeid som folk normalt ikkje tenker føregjeng og som eg ikkje visste var i sving, fortel Arnstein Rødset.

-Eg er overvelda over responsen som kjem tilbake, og det er overveldande kor stor mottakarskaren er, seier Rødset.

Han har i fleire år vore aktiv på Langevåg bedehus, og vore flittig lyttar til Radio Sunnmøre. Men i dei sist par åra har han vore med i styret som styreleiar.

Rødset har vorte imponert over kor langt radioen når, og meinar sjølv at det er misjonen sin største talarstol.

Høyr heile intervjuet med styreleiar for Radio Sunnmøre, Arnstein Rødset.