For eit barn er oss fødd,
          ein son er oss gjeven.
          Herreveldet er lagt på hans skulder.
          Han har fått namnet
          Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
          Evig far, Fredsfyrste.

Radio Sunnmøre legg bak seg eit år med takksemd. Ei takksemd over alle som villeg seier ja til å stille til intervju, dele av eigne historier, tankar, erfaringar og opplevingar. Vi takkar for alle som stiller opp til dugnad ved behov, og til alle som tek med arbeidet i bøn og som støttar arbeidet økonomisk. Ikkje minst er vi svært takksame til alle som snakkar godt om radioen, som spreier gode ord og delar på sosiale medier, og om støttar opp på alle vis.

Vi i Radio Sunnmøre ynskjer framleis å vere ein støttespelar for deg som lyttar i kvardagen, der du er, gjennom andakter, livsnære og aktuelle intervju, og god og variert musikk.

Radio Sunnmøre ynskjer deg og dine ei velsigna rik julehøgtid.