Grunnlova i India slår fast at det er trusfridom i landet, men kvar delstat har fridom til å regulere dette sjølv. Det fører til at ulike  religiøse minoritetar opplever ei aukande grad av forfølging frå hinduar. Åpne Dører har vore i møte med Utanriksdepartementet for å gje innspel på korleis Noreg kan legge press på India i dette spørsmålet. Åpne Dører samarbeider i denne saka med Norsk Muslimsk Dialognettverk. Den indiske ambassadøren i Norge meiner Åpne Dører opptrer uklokt og umodent. Vi har teke ein prat med fagleg leiar i Åpne Dører, Ole Petter Erlandsen om møtet i UD, samarbeidet med det muslimske nettverket og reaksjonane frå den indiske ambasaden.