19.januar offentleggjorde Åpne Dører World Watch List. Den gir ei oversikt over dei 50 landa i verda der det er aller tøffast å leve som ein kristen. I dette programmet vert fagleg leiar i Åpne Dører, Ole Petter Erlandsen, intervjua av Olaug Lillian Bjørke. Dei ser bak tala og statistikken i WWList, og spør: «Bør det overraske oss at kristne vert forfølgde?» Bak drivkreftene til forfølgjinga ligg ei sanning vi ofte overser. «Eit radikalt evangelium vil alltid møte motstand. Evangeliet, rett forkynt, vil alltid provosere mørke krefter», seier Erlandsen, og gir oss nokre eksempel på dette. Mot slutten av programmet tek vi turen til Afghanistan, landet som ligger øvst på WWList. Vi får høyre noko av grunnen til at dei har passert Nord Korea, som har hatt den lite ærefulle førsteplassen i mange år. Midt i all nauden er det først og fremst forbøn truande afghanarar ber om. Som respons på dette har Åpne Dører gitt ut eit hefte: 30 dagers bønn for Afghanistan. For meir informasjon om WWList og Afghanistan, sjå: https://www.opendoors.no/wwl2022

I programmet får du elles høyre Marthe Wang synge «Midt i mørket».