Sverre Dag Ljønes går av som formann etter sju år som leiar, og tek ikkje attval sidan lovene seier han ikkje kan.

Sverre Dag Ljønes går av som formann i Indremisjonsforbundet etter sju år som leiar, og tek ikkje attval sidan lovene seier han ikkje kan.

Nok ein gong skal kvinna si rolle i styrer og råd på agendaen, denne gongen under forhandlingane til Indremisjonsforbundet si generalforsamling. Indremisjonsforbundet (ImF) er i desse dagar samla til generalforsamling (GF) 27.-31. juli på Borgund folkehøgskole i Ålesund. Temaet er «Innta landet».
På GF i 2005 vart lovene endra slik at kvinner kunne velgast inn i forbundsstyret. Tilsynsansvaret vart då lagt til eit nyoppretta hyrderåd. Fyrste kvinne med fast plass (Anne Bente Klokk Svendsvik) i hyrderådet vart vald i 2011. I lovene som også vil gjelde for valet i år, heiter det at minst fire av dei sju representantene i forbundsstyret skal vere menn. Ovanfor GF i år foreslår forbundsstyret å sette saman hyrderådet på ein annan måte, slik at det ikkje lenger er nødvendig å ha krav om ein bestemt kjønnsandel i styret. Dette skriv Indremisjonsforbundet i eiga pressemelding.

Formann i forbundsstyret, Sverre Dag Ljønes, har sittet så lenge han etter lovene får lov, og det skal dermed velgast ny. Dei to kandidatane er indremisjonsveteran og skulemann Odd Asbjørn Nybø frå Ørskog på Sunnmøre og bonde, og forretningsmann Gabriel Pollestad frå Jæren.

ImFs rådgivende dokument om den aktuelle situasjonen i Den norske kirke skal det også samtalast om på GF.