Frå Speakers Corner. Foto: Andreas Bakke.

Frå Speakers Corner i Hyde park, der Lars Dahle  vart med i ein debatt. Foto: Andreas Bakke.

Radio Sunnmøre har nyleg hatt tur i C. S. Lewis sine fotspor 8. -12. september, i samarbeid med Si-Reiser, til Oxford og London. Margunn Serigstad Dahle, Lars Dahle og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund var med som reiseleiarar. Ekteparet Dahle har i fleire år tatt med studentar ved faget Kommunikasjon og Livssyn ved NLA Gimlekollen Mediehøgskule på denne turen. Men denne gongen var det folk frå heile landet i alderen 26- 80 år som skulle få gleda av å få denne opplevinga.

– Det å få lov til å dele noko av alt det vi sjølv har fått, med veldig flotte misjonsvener alle aldre frå store delar av landet, det var ei stor oppleving, fortel Margunn Serigstad Dahle.

– Det var flott å merke at uavhengig av kor mykje eller lite turdeltakarane kjente til C. S. Lewis frå før, så var alle nysjgerrige på; – Kva med kristen tru i vår samtid, kva sa C. S. Lewis om dette, og kva kan vi lære i våre eigne liv. Det utfordra meg og gjorde meg adumjuk igjen i å forvalte det vi sjølv har fått, slik at vi i våre eigne personlege liv kan få ei tryggare tru og ei meir truverdig vitneteneste i vennelag, nabolag og familie, fortel Serigstad Dahle.

Byvandring i Oxford

Arkitekturen i Oxford er ganske annleis enn i Noreg, med mykje historie i erverdige katedralar og universitet. Gruppa fekk ta del i ei byvandring i byen der ein fekk gå på stadar der Lewis satte sine fotspor i vegen mot kristentru.

– Vi vandra i colleget (Magdalen College) der Lewis brukte mange år av sitt liv til å veilede og undervise, og det var der han kom fram til at Jesus var sanning. Og fram til det hadde han grubla, lest og vore i undring over om eigentleg Gud finnes. Å vere der og å rusle på stien der Lewis samtalte med Tolkien, som skreiv Ringenes Herre, om Gud, det merka eg gjorde noko med fleire enn med meg, fortel Serigstad Dahle.

Gudsteneste i All Souls

Søndag fekk turgruppa delta i ei gudsteneste i All Souls, som har kyrkje rett ved BBC og Oxford Circus i London. Gruppa fekk delta på søndagens tredje gudsteneste, ei fullsatt kyrkje med temaet misjonssøndag.

– Det slår meg igjen kor viktig det er for oss som bekjenner kristen tru, å lyfte blikket og sjå at vi er ein del av ein global verdsomspennande familie. Og det fekk vi illlustrert tydeleg på denne gudstenesta, med ei smekkfull kyrkje, der Johnn Stott var pastor i mange år, fortel Serigstad Dahle.

Etter gudstenesta fekk turgruppa vere med i Speakers Corner og kjenne nerven av livssynsmangfaldet på nært hald, der folk med sine livssyn står høglytt og argumenterer for sitt livssyn.

– Det å kome til Speakers Corner og lytte til ein debatt mellom ein muslim og Lars (Dahle) vart veldig sterkt. Og det understreker igjen at det å vere ein kristen er å møte den andre på ulike arena, og er det på Speakers Corner blir det i debattform, men for dei fleste av oss blir det i samtaleform på bussen, i heimen eller på butikken. Men likevel er det som Peter seier; – Ver alltid rede for å gje ein grunn for det håpet som er i dykk. Det fekk vi glimt av på Speakers Corner, og det ynskjer vi skal vere ein del av vår kvardag, avslutter Serigstad Dahle.

Høyr heile intervjuet med Margunn Serigstad Dahle her: