I dette programmet får du høyre meir om Åpne Dørers logo, der fisken er det sentrale symbolet.

Det nye testamente blei skrive på gresk, og det greske ordet for fisk er ICHTHUS. Bokstavane i dette ordet dannar forbokstavane til fem greske ord. Omsett til norsk blir desse orda: «Jesus Kristus Guds Son Frelsaren» Fisken blei dermed ei hemmeleg, forenkla trusvedkjenning for dei første kristne. I Åpne Dørers logo er noko av fisken piggtråd, og den er dessutan meisla inn i stein. Alt dette har sin eigen symbolikk. Lytt til programmet, og bli kjent med tankane bak logoen vår. Mot slutten av programmet ser vi nærare på Åpne Dørers kjerneverdiar, og vi dveler litt ved to av desse: Vi er eit Bibel – og Bønnefolk. Slik har det vore heilt frå starten av Åpne Dørers historie; og dette er framleis to berebjelkar som har ein urokkeleg og sentral plass i alt vårt virke. Du får også lytte til Duvald som formidlar den sterke teksten «Att lämna allt»; akkompagnert av Hans Petter Tangen på piano.