Stefanusalliansen fyller 50 år i 2017. Det vil organisasjonen gjerne markere heile året med ulike arrangementar. Det skal vere ein stor jubileumsfest i november, men assisterande generalsekretær Hilde Elisabeth Skaar Vollebæk vonar folk vil kome saman i grupper rundt om i Norge for å bli litt klokare på kva trusfriheit er i dag. Som eit utgangspunkt for samtalen har dei laga eit hefte, «Smak av trosfrihet» her er også oppskrifta på Stefanuskaka. Denne er laga av Elisabeth Groth, vinnaren av sesong 4 i «Kakekrigen».

Dei starta med Misjon bak jernteppet, med leveransar av biblar og kristent materiell,  skifta namn etter jernteppets fall til Norsk Misjon i øst og i 2012 tok dei namnet Stefanusalliansen etter Stefanus, den fyrste martyr.

Du kan høyre intervjuet med  assisterande generalsekretær Hilde Elisabeth Skaar Vollebæk, her: