Meny 2

Inspirasjon og leirliv

Leirstaden Brusdalsheimen arrangerer liv og røre denne hausten, som no såvidt er i gong. Tanken på alle borna som får kjekke opplevingar er det som driv Hilde Giske Lukkedal og mannen hennar, Arvid, i arbeidet.

Giske Lukkedal fortel Radio Sunnmøre at det er eit sosialt og flott fellesskap som blir gitt til store og små born på leir, og at Brusdalsheimen først og fremst er ein leirstad. Men i tillegg blir det arrangert både julemarknad og inspirasjonshelg denne hausten. Her er ei oversikt over arrangementa ho nemner:

22.-23.september: Inspirasjonshelg for kvinner.
Tema: Åpent hjerte.
Talar: Linda Askeland, informasjonsleiar i Åpne Dører. Påmelding til måltida.

30.sept-1.okt: Mini-leir for 2.-4.klasse

27.-29.oktober: Tweens-leir for 5.-7.klasse

11.-12.november: Mini-leir for 2.-4.klasse

24.-25.november: Julemarknad

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF