Geir Sakseid, sokneprest i Giske.

Geir Sakseid, sokneprest i Giske.

Årets kyrkjeval blir sett på som historisk, og saka om likekjønna ekteskap har tatt eit stort fokus i media dei siste månadane.

– Valet neste månad vil nok vere viktig for kva veg kyrkja skal gå vidare. Det er difor viktig at folk nyttar stemmeretten sin, oppfordrar Sakseid.

Kyrkja i dag

Sidan saka om likekjønna ekteskap har fått eit så stort hovudfokus, kan ein stille seg spørsmålet om kva kyrkja er i dag og har blitt til.

– Kyrkja er alt det som skjer lokalt på våre plassar, frå vugge til grav, seier Sakseid.

– Korleis vil du beskrive kyrkja som eit kristent trussamfunn idag?

– Sidan kyrkja er ei majoritetskyrkje, og bærer preg av å vere ei folkekyrkje, så vil den framleis leve i spenninga av å vere eit slags offentleg religionsvesen på den eine sida, og eit kyrkjesamfunn som dei ulike frikyrkjene på den andre sida. Dei som sjelden eller aldri går til gudsteneste ventar likevel at kyrkja skal levere tenester som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Der vil vi framleis gjere kva vi kan for å møte folk på ein god og inkluderande måte, seier Sakseid.

– På same tid er vi eit trussamfunn, og for dei som ynskjer å vere med i eit tydeleg og varmt fellesskap er faren at dei ikkje lenger ser på kyrkja som relevant. Anten fordi gudstenestereforma er ukjend, eller at ein  mister tillit til det som blir forkynt frå preikestolen. Men kyrkja den er der og vil bestå. Som trussamfunn har kyrkja gått gjennom mange endringar gjennom historia, avsluttar Sakseid.

Høyr heile intervjuet med sokneprest i Giske, Geir Sakseid, her: