Stå sterke i stormen

«Stå sterke i stormen»

I vekas program har Olaug Lillian Bjørke fokus på det å kunne bli ståande – sterk i stormen – i Guds kraft. I starten av programmet deler vi saman historia om då Jesus kom gåande på bølgjetoppane; og korleis han kom med sin fred til redde disiplar, midt i stormen. I andre del av programmet er det fokus på boka «Stå sterke i stormen», utgitt på Lunde forlag i samarbeid med Åpne Dører. Du får eit intervju med Ole Lilleheim om denne boka, og om seminaret med same tittel. «Stå sterke i stormen er ei gåvebok frå forfulgte kristne til deg og meg», seier Ole Lilleheim. Ta gjerne kontakt med oss i Åpne Dører om du ønsker å skaffe deg boka; eller om du ønsker å høyre mer om seminaret «Stå sterke i stormen» med tanke på di eiga forsamling / menigheit. I programmet lyttar vi til Solveig Slettahjell som syng «Tårnhøye bølger».