Per Odvin Stornes (30) frå Vigra i fullt arbeid som frivilleg sjukepleiar i apoteket i flyktninleiren i Zambia.

Per Oddvin Stornes (30) frå Vigra i fullt arbeid som frivilleg sjukepleiar i apoteket i flyktninleiren i Zambia.

– Det var i anledning at eg var på ei helsemisjonskonferanse, at eg fekk høyre om Refugee Alliance, fortel  Per Oddvin Stornes (30) frå Vigra. I to veker har han nyleg vore i Zambia og hjelpt til som frivilleg sjukepleiar i ein av flyktningleirane, der det bur 18 000 flyktningar.

Refugee Alliance vart i 2011 starta opp av nordmøringen Sigrunn Saltbones, og er ein kristen flyktninghjelporganisasjon som hjelper flyktningar i Zambia, Irak, Uganda og Noreg.

Misjonsløp på Vigra

Før Stornes reiste i frå Vigra arrangerte han eit misjonsløp på Vigra der dei samla inn kr 60.000,- til arbeidet i flyktningleiren. Desse tok Stornes med seg for å kjøpe blant anna sko til borna i leiren.

– Målet var å samle inn pengar til sko, for veldig få har sko i leiren. Borna kan blant anna få flugelarvar inn i foten sin, dersom dei går utan sko. Dei borna som må gå lengst til skulen har ein to timar lang veg å gå. Når dei då kjem til skulen blir dei sendt heimatt sidan dei ikkje har sko, og må gå to timar tilbake igjen, fortel Stornes.

– Då vi var i Zambia arrangerte vi ein dag for borna der alle borna fekk velge eit par sko, så langt der var størrelsen deira, fortel Stornes.

Få vere til nytte

Då Stornes og legane han reiste saman med i frå Noreg kom til Zambia kjøpte dei med seg mykje medisin til apoteket i flyktningleiren. Dette måtte dei sjølve legge ut for av eiga lomme, sidan Refugee Alliance ikkje har noko særleg med pengar. Stornes synest likevel det har ein stor verdi å få vere med i dette som frivilleg.

– Berre det å få hjelpe nokon og sjå så kor konkret eg kan vere til nytte, det er heilt fantastisk, avsluttar Stornes.

Høyr heile intervjuet med Stornes her: