9 september inviterar vi deg til å vere med på tur til Ljøsætra! Her vil du få du gå på «Den Trondhjemske Postveien» og komme opp til ei fantastisk utsikt(sjå video) Her blir det guiding med 85 år gamle Magne Åkernes som veit alt som er å vite om fjord og fjellgardar i området.
Det blir og konsert oppe på sætra!

Dette er ein tilbod til alle som likar å gå på fjelltur og samstundes eit stunt for å skaffe Radio Sunnmøre 100 nye givarar inkl. dei som alt har meldt seg i år, som gjev 200 kr. pr. mnd.

Alle som er/blir faste givarar til Radio Sunnmøre har muligheita til å vinne ei helg på hytta oppe på Ljæsætra!

Alle som melder seg på turen betaler kr. 400, Dei som då vil vere faste givarar har då alt betalt inn dei to fyrste mnd som ein flying start.

Om du vil vere med på turen, men ikkje vil binde deg til fast givert. Betaler du likevel kr. 400.

Alle skyssar seg sjølve, men ev kan vi sete opp ein minibuss el to i tillegg.

Påmelding før 1. september:

Alle tek med niste og drikke, og ev. grillmat. Grillar og kull har vi på hytta, der blir det gratis kaffi og gratis krekebærsaft frå kortreiste bær på hytta!

To alternativ:
Gå frå Strandasida, opp Ljøbrekka til Brekka (høgste pkt ca 800 m.o.h, så slakt og fint terreng bortover forbi Nykkjevatnet og ned til Ljøsætra der hytta ligg.
Eller: gå opp frå Ljøsida, etter tunellen frå utkikspunktet som Vegvesenet har laga til. Då er det ein liten time i moderat tempo på nylaga «sherpa-veg» opp til hytta.
Alle går ned den vegen etter samling på hytta.

Alle som melder seg som givarar er då med i trekning av ein gratis weekend på drømmeplassen «Ljøsætra»

Dette inkluderer guiding og turleiing av innfødt 85 år gamle Magne Åkernes, oppvaksen rett ved Åkernes-remna, og son Helge Åkernes
Denne dagen får du då vite det som er verdt å vite om fjord og fjellgardar i område!
Litt gammal postveghistorie blir det sjølvsagt og plass til, vi går jo trass alt på den mest berømte delen av «Den Trondhjemske Postveien» mellom Bergen og Trondheim.

Du kan melde deg på via denne sida eller sende oss en mail på post@radiosunnmore.no, eller telefon 70154100