Foto: Øyvind Kåre Sunde

I vekas program tek Olaug Lillian Bjørke utgangspunkt i historia om då Jesus kom redde disiplar i møte, gåande på høge bølgjetoppar.

Også i dag opplever Jesus sine disiplar stormar; og nokon av dei tøffaste rammar forfølgde kristne. Denne hausten har Håvard Sveås, ein dyktig kantor frå Sula kyrkjelyd, skrive ein song som handlar om dette. Tittelen er «Stå sterk i stormen», og songen formidlar nettopp dette: At det er mogleg å stå sterk, midt i stormen, når ein har sin styrke i Gud. Songen er skriven til Åpne Dørers fakkeltog som dette året har fokus på forfølgde kvinner. Vidare i programmet får vi møte Aisha frå Nigeria. Som mange nigerianske kvinner har ho opplevd å bli valdteken av forfølgjarar. Men gjennom Åpne Dørers traumekurs har ho fått hjelp til å bearbeide det vonde, og ho seier med overtyding: «Gud ser oss; og han er den einaste som kan gi fred midt i det forferdelege vi opplever». I programmet får du høyre Håvard Sveås framføre sin eigen «Stå sterk i stormen» på ein nydeleg måte. Vil du sjå songen kombinert med vakre naturbilder frå Øyvind Kåre Sunde, kan du besøke «Naturen Syng» på facebook: https://www.facebook.com/NaturenSyng/videos/2671361072928393/