Det fins millionar av kristne som vert forfølgde for trua si. Nokre av desse må leve i skjul; sidan det er livsfarleg for dei å vedkjenne at dei trur på Jesus. Bibelen gir mange namn på Gud. Eit av desse er El Roi; «Den Gud som ser meg». I dagens program dveler Olaug Lillian Bjørke ved dette namnet. Gud ser, også til dei hemmelege truande i Afghanistan. Han kjenner dei ved namn. Du får høyre korleis Han kjem dei i møte på forunderleg vis. Lisa-Mari Brynestad frå Godøy deltek med song i programmet. Ho deler sin eigen tekst og melodi: «Du er en Gud som ser». Afghanistan er det landet i verda kor det er aller tøffast å leve som kristen. Ei av kjeldene våre i regionen seier: «Kvar einaste truande eg snakkar med, ber kun om ein ting; forbøn. Dette er genuint det einaste dei spør etter. All jordisk beskyttelse forsvann frå dei.» Som ein respons på dette inviterer Åpne Dører til 30 dagars bøn for Afghanistan. Eit nydeleg hefte er utgitt, dette kan ein lese digitalt (https://www.opendoors.no/wwl2022) eller få tilsendt ved å kontakte Åpne Dører