Linn Therese Kalvø arbeider i Begravelsesbyrået Sunnmøre og synes det er eit stort privilegium å få vere til hjelp og støtte for mennesker som har mista sine kjære og er inne i livets tunge og vanskelege dagar. Ho har vore på besøk i studio og vi får høyre om korleis arbeidskvardagen er i eit begravelsesbyrå. Det er ein variert og allsidig jobb kor ein både skal forhalde seg til den som er død og til dei pårørande. Linn Therese har travle dagar også utanom jobb som småbarnsmor, med mange dyr å passe og ho er aktiv i menighetsarbeidet i Puls Ålesund.