Reisekoordinator Reidar. Foto: Inga Lill Nord Nyvoll.

I dette programmet er Åpne Dørers reisekoordinator gjest i studio. Reidar er ny i stillinga, men han har lang erfaring frå reisetenesta. Gjennom eit par tiår har han besøkt forfulgte kristne både i lukka og meir åpne land. I samtalen med Olaug Lillian Bjørke deler han frå desse turane, og kva som har gjort inntrykk på han. Reidar brenn for at fleire skal få muligheit til å reise! Åpne Dører tilbyr ulike turar: bøneturar, oppmuntringsturar og kurer-turar (reise med litteratur). Nokre av reisene er å finne på Åpne Dørers nettside: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/reiser Men det er ikkje alle turar ein kan vere opne om; desse får ein vite meir om ved å kontakte Reidar. Han kan også tilpasse turar for grupper, par, familiar, forsamlingar – muligheitene er mange, og det er berre å ta kontakt! Livet blir aldri heilt det same etter ein slik tur, det er noko Reidar og mange med han har erfart.