I dag, tysdag 19. mai, går det fyrste webinaret for foreldre i regi av Barnevakten. Også seminar som vanlegvis blir halde rundt om i landet for foreldre om til dømes mediebruk og medievanar for barn og ungdom, har no fått ei litt anna form. Seminar for foreldre vil bli halde på internett og heiter difor webinar.

Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, om det fyrste webinaret som går i kveld. Du får også høyre meir om korleis du kan bli med på dette, kva tema som skal takast opp, og kor ofte desse skal haldast.