Anne Solfrid Brennhovd, redaktør og foredragshaldar i Damaris Norge.

I nyare forskning blir det fortalt at mange born tek sitt livssynsstandpunkt før dei blir 12 år.

-Overraskande mange endrar ikkje standpunktet sitt frå dei er born og opp til dei blir blir 11-12 år, fortel Anne Solfrid Brennhovd, foredragshaldar og redaktør i Damaris Norge.

Det gir større utfordringar for både kristne foreldre og kristne som arbeider med barn- og ungdom.

-Det betyr at vi må vere nøye med at vi både snakkar med dei og at trua vår reflekterer i livet vårt. Det er den viktigaste faktoren for overføring av tru frå vaksen til barn, at dei ser at den betyr noko for oss, seier Brennhovd.

Trua endrer seg

Brennhovd legg vekt på at det ikkje gjeld alle barn, men at det er overraskande mange som ikkje endrar standpunkt for sitt livssyn etter at dei har blitt 12 år. Det er fleire som blir møtt av Gud seinare i livet.

-Mi tru har endra seg gjennom livet, med det eg har lest og erfart, seier Brennhovd. Tru kan endre seg gjennom livet, noko som for Brennhovd har ført henne nærmare Gud.

-Gud kan møte oss uventa og på fantastisk vis, og ofte skjer det gjennom relasjon med andre kristne. Så vi må ikkje gi opp å ta kontakt med folk, legg Brennhovd til.

Høyr heile intervjuet med Anne Solfrid Brennhovd HER.