• Det viktigaste denne jula blir å sjå den enkelte, seier Kristianne Stendal Lothe, som til dagleg arbeidar i Sjømannskyrkja i Pattaya i Thailand. Det er tid for å førebu julefeiring også i Sjømannkyrkja i Thailand, og før det skal ekteparet Lothe kome seg tilbake frå ein ferie i heimlandet Noreg. Det er ikkje berre enkelt å kome seg tilbake til Thailand i desse tider, etter eit ferieopphald heime i Noreg. Vi tek ein prat om dette, og også dei utfordringane korona gjer for nordmenn som  arbeidar til dømes i Sjømannskyrkja verda over. 

Det merkast endå meir kor viktig arbeidet Sjømannskyrkja gjer for nordmenn i utlandet er, og behovet for at ein er tilstades.