Annette og Daniel Opskar er leiarar for arbeidet når Evangeliesenteret no opnar kontaktcafe i sentrum av Ålesund. Her kan rusmisbrukarar og andre som slit med livet kome inn og få eit godt måltid mat, ein god samtale og også få moglegheit til hjelp ut av rus og vanskar. Målet er ikkje berre å servere mat, men at folk skal få eit nytt liv og eit nytt liv saman med Jesus. Dei inviterer nå både kyrkjelydar og privatpersonar til å vere med å bidra, både med økonomi og gjennom praktisk hjelp, når kontaktcafèen opnar 3. oktober.