Flora

I dette programmet har Olaug Lillian Bjørke med seg Flora (20) som gjest i studio. Ho kjem opprinneleg frå Irak, men er i dag busett på Sunnmøre. 8 år gamal måtte Flora og familien flykte frå Irak. Deira kristne tru gjorde det umuleg å bli verande. Far reiste vidare mot Europa, medan Flora og veslesystera søkte ly i Syria saman med mor. Det vart to lange år. Flora fortel korleis lyset frå Jesus heldt dei oppe i desse vanskelege åra. Ho er eit ansikt på dei mange barn og unge som lid for trua si. Gjennom å lytte til Flora si historie, vil du få eit innblikk i korleis det er å bu i eit land med forfylgjing, måtte flykte og leve med sakn. Flora avsluttar programmet med å lese om Jesus – lyset for verda – på morsmålet sitt, arameisk. Du får også høyre songen «La oss vandre i Lyset» fra Søndagskolen Norge.