– Det tok tid for meg å forstå at Jesus var personleg og at han brydde seg om meg, den gong var meir at mine foreldre var misjonærar og at eg var med på lasset, fortel Randi Alnes, senterleiar for Ungdom i Oppdrag Ålesund. Ho bur i dag på Sunnmøre saman med mannen Jan-Oskar, og i eit intervju med Radio Sunnmøre fortel Randi om vegen ho har hatt frå ho vaks opp som misjonærbarn i Kenya, til å forstå at Jesus har ei betydning for henne personleg.

Randi Alnes vaks opp i Kenya som misjonærbarn, noko som ho opplevde som veldig vanskeleg. Det å bu på internat langt i frå foreldra, og det å kome heim til Noreg å møte ein stor kulturforskjell, gjorde at Randi fekk det vanskeleg. Dette starta ein lang prosess for Randi før ho vart ein kristen, og til ho er der ho er i dag som senterleiar for Ungdom i Oppdrag Ålesund. I dag har ho eit brennande hjarte for at fleire skal få møte Jesus og for prosjektet ho og mannen Jan-Oskar har i Papa Nyguinea. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.