Frontane kan ofte være harde når menneske som står på kvar si side i konflikta mellom Israel og palestinarar møtes til diskusjon. Dette vil MIFF Sunnmøre gjere noko med, og inviterer til ein konferanse kor personar med svært motstridande meiningar skal møtast til samtale om eit stort og viktig tema. Konferansen skal arrangerast i Pinsekirka Moa i Ålesund 23. april. MIFF (Med Israel For Fred) er ein politisk og religiøs nøytral organisasjons som arbeider for å informere om Israel fortel Marit Heggen Stokke og Monika Tettli frå styret for MIFF på Sunnmøre.