Russetreffet 2015Med sin aller nyaste song ynskjer Trygve Skaug å gje ein klem til dei som treng det, og håpar at folk vil gje songen vidare til dei som treng ein klem. Det går over, heiter songen. Skaug skreiv songen då det rakna for ein kamerat, og Skaug mangla ein song som kunne vere som ein klem.

– Det er eigentleg ikkje ein låt, men ein låt kledd som ein klem. Alle raknar det for iblant. Og eg har ein ven som det rakna skikkeleg for ein dag. Eg hadde lyst til å gje han og andre som treng det ein klem. Det er ein slags brukslåt som eg håpar folk vil gje til kvarandre, fortel Skaug om songen, Det går over.

Blir med på GF til ImF

27. – 31. juli er det generalforsamling for Indremisjonsforbundet på Borgund folkehøgskule, og då blir Trygve Skaug med og held konsert. I mange år og ulike samanhengar har Skaug vore med å leda lovsongen, denne gongen skal han halde sin eigen konsert. Og å vere med på kristen stemner er ikkje ukjend for Trygve Skaug.

– Eg er ein mann som likar å tenke, og å uttrykke det eg tenker. Og eg gler meg fælt til å spele på GF, fortel Trygve Skaug til Radio Sunnmøre.

Blir inspirert av alt

– Det er mange personar eg kjenner som gjer ting, og når eg opplever noko som treff noko inni meg så blir det ofte utrykt gjennom ei tekst eller ein song, seier Skaug som likar å observere det som er rundt seg og hentar inspirasjon til tekstane sine gjennom omgivelsane han er i.

Trygve Skaug har vakse opp i ein kristen heim og har i mange år vore med og leia lovsongen på ulike kristne stemner. Han fortel i intervjuet kva den kristne trua betyr for han.

– Jesus er det viktigste eg har. Han har snudd alt på hovudet. Eg blir sett og tilgjeven, og elska for alt eg gjer, det er stort. Han er den som har seira over alt det onde, sier Skaug om trua si på Jesus.