Gud er nær oss også når livet kan opplevast som fullstendig kaos. Gud er i kaos, og han går der saman med oss. Når Israelsfolket var på vandring i øydemarka ba Moses om at Gud måtte gå saman med dei, tilgje folket sine synder og gjere dei til sin eigedom. Dette er utgangspunktet når Iris Vartdal Clausen gjev oss Ord til ettertanke denne veka. Iris er sjukepleiar, og arbeider også som dagleg leiar for Fermate Møre, eit samtale tilbod på Sunnmøre som Normisjon og ImF Sunnmøre står bak.