-Det viktigaste du kan gjere når du har det vanskeleg, det er å vere sint på Gud, og å ventilere. Det toler han, seier Arild Ove Halås. I Bibelpraten denne veka tek vi ein prat om Jobs bok og då han hadde det verst tenkeleg i livet. I ein situasjon då ein er i ein vanskeleg del av livet, korleis skal ein ta kontakt og kva skal ein sei? Det er ikkje alltid lett å vite korleis ein kan hjelpe. Og kvar er Gud i slike situasjonar? Vi har tatt ein prat med Arild Ove Halås og Johan Halsne om dette vanskelege og viktige temaet.